Dei sa vel ikkje så mykje om vottar i Håvamål, men det var nok kalde vintrar då også.
Eg har strikka kattevottar til yndlingsmodellen min, og det kan vel tenkjast at eg låner dei inn i mellom.
Fekk nesten ikkje tatt bilete under prosessen, desse var så kjekke å strikka at det gjekk som ein draum. Mønsteret kan kjøpast her http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html


Ser de potane på innsida av vottane? Og fiskebeina på tommelen? Slike humoristiske og sjarmerande detaljar finn de fleire av i mønstera på nettsida hennar.
2 kommentarer:
De ble kjempeflotte! Jeg er ferdig med vott nr 1 og har begynt på vott nr to. Hadde litt problemer med at det snurpet seg sammen på tommelmønsteret, men jeg tror jeg har klart å trekke det i fasong.
Eg må konse på å strikke jamnare ser eg. I periodar når eg strikkar mykje med fleire fargar strikker eg pent og jamnt, men desse vottane er litt ujamne, dei er det.
Legg inn en kommentar