Rosejakken begynn å ta form. Eg noterer etterkvart og skal vel prøva å laga meg ei slags oppskrift. ermane er nå komne på bolen og eg har begynt med rundfellinga. Ikkje heilt lett å få rosemønsteret til å stemma her, men så er eg ein person som trivst med det litt uregelmessige, halvskeive.

Prøvde jakken, og eg trur den kjem til å passa fint!
Då ermane var 42 cm lange og hadde eit masketal på eit par og femti sette eg seks masker under kvart erme på ein tråd, sette seks maskar i kvar side av bolen på tråd, og strikka ein omgang slik : Strikk halve forstykket. Ta saman siste maske på forstykkket med første maske på ermet, strikk erememaskane, ta saman siste maske på ermet med første på førstykket. Strikk bakstykket. Ta saman siste maske på bakstykket med første på ermet. Strikk ermet, ta saman siste maske på ermet med første på forstykket strikk fram til midt framme.
Eg var i Göteborg i februar og oppdaga mange koseleg garnbutikkar. Dette eintrådige ullgarnet i varme sjatteringar frå
Ullcentrum på Öland, fann eg i butikken Garn og broderi i ei av gågatene i Göteborg sentrum. Koseleg liten butikk med mykje fint garn.

Oppskrifta er gratis og finst på lenka ovanfor. Såg for meg ein haustskog med lauv i varme fargar då eg såg garnet. Trur det vert fint. Mønsteret er lett å koma inn i. Eg skal tilbringa helga i ein idrettshall med to tenåringsbarn, så eg må ha eit strikketøy som ikkje er for vanskeleg og ikkje blir for keisamt heller.