Dårleg fargegjengjeving på nettlesaren så eg trudde garnet var meir ferskenfarga/lakseraudt.
Men fargen er eigentleg fin, og eg kler han godt. Det er innslag av fersken og lakseraudt og eg fann perlemorsknappar som eg tykte høvde.


Mønsteret er ei blanding av Shrug this (frå Ravelry)med holmønster nedetter. Mønsteret på kantane er henta frå Brontës mitts
Dei pulsvarmarane har eg strikkatre fire par av - fine!Hadde bare 200 g garn og begynte derfor opp ved halsen. Auka på i raglan og la til nye vertikale holmømster etter som eg fekk fleire maskar i sidene Sidan eg aldri orkar all matten med slikt strikketøy, måtte eg juksa for å få det til å bli symmetrisk. Det blei symmetrisk nok for meg.
Tykkjer jakken blei fin. Den er deilig å ha på, også kler eg rosa, merkeleg nok. Vert fin over ein kjole til sommaren eller til smale bukser.
5 kommentarer:
Lekker jakke, du! Jeg har kjøpt garn på det stedet og vært veldig fornøyd. Er enig i at en ikke kan få for mange av disse. Og passer de ikke akkurat, er det alltids noen andre som kan bruke dem.
Men har du greidd å halda deg under 200 kr? Eg har fortrengt den totale prosen på det eg måtte ut med på postkontoret. Dama bak skranken var overgitt over kor mykje som kom i tillegg. Prisen blei ikkje dobla, men det nærma seg...
Den ble kjempefin! Og alle kler da rosa! Man må bare finne riktig sjattering:)
Heu Strikkakona!
Hvor har det blitt av deg? Er du syk eller vil du bare ikke blogge mer? Jeg savner deg!
God jul uansett,
hilsen Grete
Nydeleg jakke!! Ønskjer deg ei fin veke.
Legg inn en kommentar