søndag 28. desember 2008

Kiri sjalet er ferdig!




Nå ligg det på strekk. Eg opplevde alle strikkarars aller verst mareritt då eg felte av, var komen halvvegs og hadde 30 cm tråd att.... Heldigvis kunne eg rekkja opp eit anna sjal eg hadde begynt på, men ikkje likte å strikka i same garn. Vel rekkja opp og rekkja opp - forferdeleg å rekkja opp kid silk, men eg greidde det, skjøtte på tråden og blei ferdig!


Sjalet er strikka i Drops Kid-silk (75 % mohair 25% silke) på pinne nr 5. Eg brukte to nøster. Sjalet måler 181cm x 76 cm. Mønsteret Kiri som eg henta på Ravelry, var greitt og morosamt å strikka etter kvart tykte eg. Likar eigentleg ikkje å strikka med så tynt garn på så tjukke pinnar, så neste gong strikkar eg med tynnare pinnar. Men sjalet vert lekkert då - ei rosa sky. nå går eg rundt på tærne og ventar på at det skal bli tørt.


Inn i mellom strikka eg skjerf til sonen min, foto til høgre. Dette er Keath tweed scarf også frå Ravelry (velsigne Ravelry!!!) , strikka i Drops Alaska. Sonen min valde mønster sjølv. Herleg med litt substans på pinnane inn i mellom alt spindelvevet. Mønsteret var kjekt å strikka, men faktisk litt vanskeleg å koma inn i .

Modellen ville bli hovudklipt denne gongen, så slik blei det.




Ingen kommentarer: