lørdag 3. januar 2009

Det vakraste garnet eg har

har eg begynt å strikka av nåi det nye året. Garnet heiter Laines Plassard Royal - det består av 30% silke/40% ull/30%kid mohair. dette garnet trur eg er gått ut av produksjon. Eg kjøpte det via ein annonse på Finn.
Garnet er melert, det har ein vidunderleg glans, og det er svært mjukt. Eg må strikka striper og har lagt inn eit mønster - roser sjølvsagt slik som på stasvottane mine - for å drøya det.


Håper dette bildet viser litt av glansen i garnet. Måtte bruka blitz sjølv om eg tok bildet ute -
det vert gjenskin i garnet, hadde håpt eg kunne greia meg med naturleg lys.



Eg skal strikka ein liten jakke til meg sjølv. Det vert ALDRI for mange små jakkar.


Eg har bare akkurat nok garn. derfor har eg lagt opp med provisional cast on for å kunna strikka på eventuelle kantar etterpå når eg ser kor mykje garn eg har att. Skal bruka provisional caston på ermane også av same grunn. Trur eg kjem til å bruka alt garnet, har ein del rosa melert også som eg vel ikkje er så glad i, men det vert sikkert brukbart saman. Eg skal ha rundfelling på berestykket. Jakken skal vera litt svingt, litt kroppsnær. Eg har strikka prøvelapp og lagt opp i forhold til det. Prøvelappen blei sjølvsagt feil...Men eg trur det blir bra nå. Legg inn litt aukingar framme på jakken for å få endå litt meir fasong.
oppskrift så langt:
Har lagt opp 124 masker på pinne nr 5 (fire masker skal klyppast når dette vert jakke. strikka 15 cm. aukt 6 m midt på kvart framstykke over tre omgangar på siste omgang la eg til ein maske på kvar side, totalt 138 maskar.
Når eg har strikka litt lenger set eg nokre maskar på tråd i kvar side, og så får eg begynna på ermane.
Hadde eg hatt mykje garn trur eg det hadde vore fint å strikka litt struktur med dette garnet, fletter og sånn:).
Har hatt dette garnet sidan september, men har mest gått rundt i ærefrykt. Håper veldig dette prosjektet vert vellukka.


2 kommentarer:

Reidun sa...

Så lekkert! Gleder meg til å se det ferdig:)

hudamå sa...

Sant det er fint? Skal bruka mykje tid. Jakka vert til undervegs tenkjer eg