tirsdag 13. januar 2009

Skjerfepause




Rosejakken min er eit alvorleg prosjekt. Inn i mellom må ein laga små nyttige ting som ikkje er så alvorlege. Eg har laga lue og skjerf til dotter mi. Lua er i mønsteret An unoriginal hat frå Ravelry. Morsomt mønster å strikka! Eg brukte nesten eitt nøste til lua og to til skjerfet av Rosendahl som er eit mjukt, tjukt ullgarn frå Gjestal. Litt variasjon i tjukkleiken også.




Modellen var nøgd.




Lua strikka eg på ein kveld. Til skjerfet tok eg utgangspunkt i flettemønsteret på lua. som går over 14 maskar. Eg la opp 22 maskar, brukte ein rapport av hovudmønsteret + ein ekstra glattstrikkstolpe + to maskar i kvar side som kant, dei blei strikka vrangt. og laga det i begynnelsen og slutten av skjerfet, ribbemønster i midten, tok utgangspunkt i mønsteret. Tjukke pinnar brukte eg , var det 7 eller 8?
Rosejakken min har litt for smale ermer er eg redd. Skal eg då rekka opp eller strikka dei lenger slik at dei gjerne kan vera litt smale nedst? Garnet er drygare enne eg trudde først så eg kan kanskje ha litt lengde på ermane?
Slike ting grublar ein strikkar på i dei mørke januarkveldane, ogdå er det grett å ha eit skjerf å strikka på, medan ein grublar.

2 kommentarer:

gletting sa...

Det er viktig å bestemme seg om ermene. Du kan ikke strikke hele den fine jakka og ende opp med for trange/korte/lange ermer. jeg har akkurat det samme problemet, men jeg har stoppet halvveis på begge for å tenke meg om. Lykke til!
Det blå settet er fint, det er jenta også!
Hilsen Grete

hudamå sa...

Nei det er nettopp det som plagar meg litt. Eg strikkar begge ermane parallelt, og nå strikker eg på eit sjal i restegarn medan eg tenkjer meg om. Trur kanskje eg rekker opp nedanfrå? Eg har lagt opp med provisional cast on så det bør gå.