

Ferdig med svalehale sjalet mitt. Evelyn Clarks Swallowtail som de finn gratisoppskrift på her.
Eg laga ein større versjon med nitten repetisjonar av botnmotivet og dobbel kant. Sjalet er strikka i baby-merino ull frå Gjestal i melert blåfarge. Brukte fire nøster + litt som var til overs frå før , måtte kutta ut vrangomgangen på slutten for å koma i mål . Biletet syner kor lite garn eg hadde att. 

Kjekt mønster å strikka, herleg garn å strikka i
- det gleid så godt på pinnane.
Sjalet måler 2,60 x 1 m
Måtte henga det opp i plommetreet så eg fekk eit fint bilete. Plommetreet er det offisielle sjalatelieret mitt.

3 kommentarer:
Så flott det er! Virkelig et mesterverk:)
Ganske varmt også - fraus på jobben i går, anvendeleg - passar med dongerybukser, kjekt å strikka - i det heile positivt.
Nå må eg finna meg eit greitt strikketøy til eg skal vera to dagar på friidrettsstemne i Stangehallen på Hedmark. Noko som ikkj eer for krevjande....
Nydelig sjal, jeg vil gjerne ha et sånt. Jeg strikket et litt tykt sjal i sommer, og jeg har også oppdaget hvor herlig det er å bruke det i nesten alle sammenhenger!
Hilsen Grete
Legg inn en kommentar