mandag 27. oktober 2008

Jakken til Elin


Min tolvåring veks som eit uver! Nå måtte eg bare bli ferdig med jakken hennar før ho vaks heilt ut av den.


Her er ein detalj av mønsteret:

Jakken hennar er strikka i Garnstudio Alpakka. Spennande, plommeraud farge som passar til mykje. Nedste kant på bolen, på ermane og kragen har eg laga i havskummønster. Er spesielt nøgd med ermane, dei svinger så fornemt ut, tykkjer eg. Mønster på jakken elles er eit enkelt holmønster som går over åtte masker. Det blei rundfelling då ermane kom på, og det er eg nøgd med. Måtte rekna og tenkja ein del då, men eg tykkjer det ser pent ut.
Søte knappar i perlemor i lys lillasjatteringar vert fint til.Fargen kjem ikkje fram på bildet.





Hadde ikkje mønster. Mønstra i Drops alpakka på Garnstudio sine sider er temmeleg verdilause for meg. Akkurat i dette garnet strikker eg visst bare "heilt feil".



fredag 17. oktober 2008

Strikking på Skal vi danse?

Såg de Siri Kalvig strikke rosa krone til dotter si i pausen på Skal vi danse?
Kjempereklame for strikking! Ho påpeikte kor avslappande strikking er, spesielt i stressande situasjonar. Når ein er redd for å bli stemt ut av dansekonkurransar på TV og slikt. Verkeleg god reklame det der.

Eg grublar for tida. grublar på eit skjerf med holmønster som eg har strikka i mohairgarn og som er for kort, det betyr at eg hadde for lite garn i nett den lillafargen.
Skal ta bilde av det skjerfet når eg har blokka og strekt det.
Lurer på om eg skal laga ein slags halsduk av det og hekla ein blomst og setja ein kraftig trykknapp under. Då kunne eg gitt det i gåve til nokon som kler lilla.
Har ei velsigning av lilla mohairgarn for tida, i forskjellige lillafargar då...

onsdag 15. oktober 2008

vottar

Mitt aller første innlegg her kjem heilt sikkert til å handla om vottane mine som eg nett blei ferdig med. Stasvottar! Er dei ikkje fine?




Utkast til oppskrift:
La opp 60 m med Silja garn på p. nr 2 1/2
15 maskar på kvar pinne
Strikka fem omgangar glattstrikk, du kan sikkert strikka meir, me eg tykte det var så kjedeleg.
Laga ei holrad ved å strikka *eit kast - to rett* saman ein heil omgang.
Så strikka eg fem omgangar til i grunnfargen før eg begynte med mønster.
Dei to nedste bordene går rundt heile votten. Rosemønsteret er bare på framsida av votten, på baksida laga eg striper, grunnfarge + mønsterfarge, ei maske av kvar.