mandag 29. desember 2008

Kiri sjalet på plommetreet


Tykte sjalet fortente eit litt meir poetisk bilete. Det er eit under at nokoså tynt og lett kan varma så godt rundt halsen.

søndag 28. desember 2008

Kiri sjalet er ferdig!




Nå ligg det på strekk. Eg opplevde alle strikkarars aller verst mareritt då eg felte av, var komen halvvegs og hadde 30 cm tråd att.... Heldigvis kunne eg rekkja opp eit anna sjal eg hadde begynt på, men ikkje likte å strikka i same garn. Vel rekkja opp og rekkja opp - forferdeleg å rekkja opp kid silk, men eg greidde det, skjøtte på tråden og blei ferdig!


Sjalet er strikka i Drops Kid-silk (75 % mohair 25% silke) på pinne nr 5. Eg brukte to nøster. Sjalet måler 181cm x 76 cm. Mønsteret Kiri som eg henta på Ravelry, var greitt og morosamt å strikka etter kvart tykte eg. Likar eigentleg ikkje å strikka med så tynt garn på så tjukke pinnar, så neste gong strikkar eg med tynnare pinnar. Men sjalet vert lekkert då - ei rosa sky. nå går eg rundt på tærne og ventar på at det skal bli tørt.


Inn i mellom strikka eg skjerf til sonen min, foto til høgre. Dette er Keath tweed scarf også frå Ravelry (velsigne Ravelry!!!) , strikka i Drops Alaska. Sonen min valde mønster sjølv. Herleg med litt substans på pinnane inn i mellom alt spindelvevet. Mønsteret var kjekt å strikka, men faktisk litt vanskeleg å koma inn i .

Modellen ville bli hovudklipt denne gongen, så slik blei det.




lørdag 27. desember 2008

Juleduken min








blei kjøpt ein regnfull sommar i Lyngdal. På tilbud 50% avslag, baskerlin som er halvparten lin og halvparten bomull, den vert brodert i raudt brodergarn, stilkesting, plattsaum, millefleur og franske knutar. Dette er mange år og mange regnfulle og solfylte somrar sidan. Fann duken fram att nå og ser at han ikkje vert ferdig i år heller. Nå har eg kjøpt raudt skråband bomull til å kanta med.
Kan bli fint med raude linserviettar til.













Detalj av duken. Glade nissar då?



Nå lurer eg på om eg bør vaska duken før eg kantar? Dersom den krymper, meiner eg, eller krymper skråbandet like mykje?


Nokre erfarne brodøser der ute som har svar?

Elles held eg på med kanten på eit Kiri sjal og håper eg har nok garn til kanten...
Har også strikka eit vakkert skjerf til sonen min.Får ta bilde av det snart.
Tykkjer det er vanskeleg å få plassert bildene slikeg vil her inne på bloggen.