onsdag 11. februar 2009

Heidersteikn

Har fått to heidersteikn av Reidun.



Veldig snilt og eg føler meg ganske audmjuk og litt blyg.


Bloggen min er ganske ny, eg oppdaterer ikkje så veldig ofte og eg synest ikkje eg får sving på layouten. Plassering av bilete tykkjer eg er ikkje så lett.


Alle dei eg følgjer har mykje finare bloggar enn meg, så eg må skunda meg å gje dei vidare til to av dei. Pinneguri er superaktiv og hjelpsam, det same er Grete som også er vener med meg på www.ravelry.com. De fortener desse prisane mykje meir enn meg, men det var kjekt å få dei likevel Reidun, tusen takk.

mandag 2. februar 2009

Vantast vottar i vondkalde vinter

- frys du på fingrane fagre ( fritt etter Håvamål)

Dei sa vel ikkje så mykje om vottar i Håvamål, men det var nok kalde vintrar då også.
Eg har strikka kattevottar til yndlingsmodellen min, og det kan vel tenkjast at eg låner dei inn i mellom.
Fekk nesten ikkje tatt bilete under prosessen, desse var så kjekke å strikka at det gjekk som ein draum. Mønsteret kan kjøpast her http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html

Eg brukte svart Lanett (retting - det er svart Daletta eg har brukt - trur Lanett er litt tynnare) og kvit Sisu fordi det var nå det eg hadde i korga mi. Eg strikker ikkje veldig jamnt ser eg, men vaskar eg og dampar dei blir det vel bra.
Ser de potane på innsida av vottane? Og fiskebeina på tommelen? Slike humoristiske og sjarmerande detaljar finn de fleire av i mønstera på nettsida hennar.