torsdag 28. mai 2009

Nei, det vert aldri for mange små jakkar!

Det gjer ikkje det. Rosa likte eg ikkje eingong i den verste prinsessealderen då eg var fire -fem.

Dårleg fargegjengjeving på nettlesaren så eg trudde garnet var meir ferskenfarga/lakseraudt.

Men fargen er eigentleg fin, og eg kler han godt. Det er innslag av fersken og lakseraudt og eg fann perlemorsknappar som eg tykte høvde.

Garnet blei kjøpt på http://www.discontinuedbrandnameyarn.com/. Det heiter Kidd silk og er DK frå Cherry tree Hill. Kvaliteten er vidunderleg: 52 % silke, 22 % merino, 18 % kidd mohair og 8 % nylon. Eg let meg riva med og sluttsummen blei over 200kroner, og dermed måtte eg betala skattar, avgifter og toll i det vide og det breide - billeg blei det slett ikkje.










Mønsteret er ei blanding av Shrug this (frå Ravelry)med holmønster nedetter. Mønsteret på kantane er henta frå Brontës mitts
Dei pulsvarmarane har eg strikkatre fire par av - fine!


Hadde bare 200 g garn og begynte derfor opp ved halsen. Auka på i raglan og la til nye vertikale holmømster etter som eg fekk fleire maskar i sidene Sidan eg aldri orkar all matten med slikt strikketøy, måtte eg juksa for å få det til å bli symmetrisk. Det blei symmetrisk nok for meg.



Tykkjer jakken blei fin. Den er deilig å ha på, også kler eg rosa, merkeleg nok. Vert fin over ein kjole til sommaren eller til smale bukser.

tirsdag 21. april 2009

Haustskogsjal

Sjalet mitt er ferdig! Det er 2m langt og 35 cm breidt. Det tynt og lekkert og har nydelege fargeskift tykkjer eg. Mønsteret er Woodland shawl - eg fann det på nettsamfunnet www.ravelry.com, men det ligg ute på bloggen eg har lenka til her. Eg har strikka litt smalare enn originalen.
Garnet er eintrådig ullgarn frå http://www.ullcentrum.com/ som blei kjøpt på Garn og broderi i Göteborg. Oppskrifta er morosam og logisk. Lett å læra og ho vert ikkje keisam. Garnet var litt stivt og stikkete, men etter at det blei vaska blei det mjukt.

Måtte hengja det opp i sjalstreet mitt også då.

onsdag 8. april 2009

Rosejakken er ferdig!

Alle strikkakoner og strikkamenn veit at det er ei tid for å klyppa om du vil laga ein jakke, og det gruer vi oss gjerne til. Først må du fram med symaskinen som ikkje alltid er ein ven for oss strikkarar. Så må du sy maskinsaumar framme - to på kvar side, og klippa mellom dei.
Her er et gjort. Så brukte eg ein mykje tynnare pinne, (3,5) til å plukka opp masker der knappestolpen skal vera. Eg plukka opp ei maske for kvar omgang, og det var for mykje synte det seg, så eg minka med omlag 10 masker her (talet her er ikkje så viktig).

Jakken er ganske tung. Han fell fint, men det betyr også at han ikkje held formen så godt som ein jakke i heil ull. Eg har ikkje heilt fått den fasongen eg var ute etter. I ryggen ser du at mønsteret ikkje er heil symmetrisk, men det sjenerer ikkje meg. (Orker ikkje all den matten...). Eg har strikka fram og tilbake bak på ryggen for å gjera han høgare bak, det tykte eg blei bra.


Ferdig jakke - litt stolt! Eg har vald små perleknappar. Nedst på ermane har eg plukka opp det mellombels opplegget og teke to saman og eitt kast og så strikka nokre omgangar, for så å legge opp kanten. Då får eg ein slik fin taggekant. Jakken blei ikkje heilt slik eg drøymde om . Litt lang, han sit ikkje godt nok, men han er fin og veldig behageleg på. Har komponert mønsteret heilt sjølv, og skal prøva å skriva det ned på eit vis.
Fargane er harmoniske og det er framleis vakker glans i garnet. Må vel vera nøgd då?

søndag 29. mars 2009

Rosejakka har fått kappe


Har fått kappe nede på rosejakka. Tok opp det midlertidige opplegget, strikka nokre omgangar to rett to vrang med mindre pinnar (3,5). Bytte til pinne fem, la ut ei maske midt mellom to rette (aukte kvar tredje maske) strikka glattstrikk 7 cm. Avslutta med tre omgangar to rett to vrang.
Det skumle, skumle blir nå å sy to saumar med maskin framme på jakka for så å klippa opp. Og då bør det vera fint.

Har tenkt å laga kappar på ermane også. Og så må eg spekulera litt omkrig knappestolpar og den slags.

søndag 22. mars 2009

Rosejakken i fleire stadier og litt skogsjal

Rosejakken kan prøvast, og det blir han. Rundfelling på måfå er slett ikkje så lett. Skal eg slutta her? (Det var det eg endte opp med)
Eller slutta her? Denne versjonen blei for lang frå ermet blei strikka på og oppover til halsen, og alt for vid. Måtte rekkja opp øvste roserekkja, og strikka ein liten kant her med tynnare pinne. Garnet har ein viss tyngde også, og det må takast omsyn til. Nedst på jakken har eg skifta til tynnare pinnar igjen, og strikka nokre omgangar vrangbord før eg har gått tilbake til pinne nr 5. Eg skal auka nokre maskar og ha ein slags volang nedst på jakken, slik at eg understreker den litt feminine fasongen.


Woodland sjal/skjerfet mitt er 115 cm nå og eg har 35 g garn att. Verkeleg gildt å strikka med slike fargeskift. Eg går inn i ein grøn fase nå, og endå lenger inne vert det meir gult att. Framleis eit kjekt og sutalaust mønster.

tirsdag 10. mars 2009

Rosejakken og litt til

Rosejakken begynn å ta form. Eg noterer etterkvart og skal vel prøva å laga meg ei slags oppskrift. ermane er nå komne på bolen og eg har begynt med rundfellinga. Ikkje heilt lett å få rosemønsteret til å stemma her, men så er eg ein person som trivst med det litt uregelmessige, halvskeive.
Prøvde jakken, og eg trur den kjem til å passa fint!
Då ermane var 42 cm lange og hadde eit masketal på eit par og femti sette eg seks masker under kvart erme på ein tråd, sette seks maskar i kvar side av bolen på tråd, og strikka ein omgang slik : Strikk halve forstykket. Ta saman siste maske på forstykkket med første maske på ermet, strikk erememaskane, ta saman siste maske på ermet med første på førstykket. Strikk bakstykket. Ta saman siste maske på bakstykket med første på ermet. Strikk ermet, ta saman siste maske på ermet med første på forstykket strikk fram til midt framme.

Eg var i Göteborg i februar og oppdaga mange koseleg garnbutikkar. Dette eintrådige ullgarnet i varme sjatteringar frå Ullcentrum på Öland, fann eg i butikken Garn og broderi i ei av gågatene i Göteborg sentrum. Koseleg liten butikk med mykje fint garn.



Mønsteret eg bruker heiter Woodland shawl
Oppskrifta er gratis og finst på lenka ovanfor. Såg for meg ein haustskog med lauv i varme fargar då eg såg garnet. Trur det vert fint. Mønsteret er lett å koma inn i. Eg skal tilbringa helga i ein idrettshall med to tenåringsbarn, så eg må ha eit strikketøy som ikkje er for vanskeleg og ikkje blir for keisamt heller.

søndag 1. mars 2009

Min blå blå svalehale

Svalehalesjalet i plommetreet mitt










Ferdig med svalehale sjalet mitt. Evelyn Clarks Swallowtail som de finn gratisoppskrift på her.


Eg laga ein større versjon med nitten repetisjonar av botnmotivet og dobbel kant. Sjalet er strikka i baby-merino ull frå Gjestal i melert blåfarge. Brukte fire nøster + litt som var til overs frå før , måtte kutta ut vrangomgangen på slutten for å koma i mål . Biletet syner kor lite garn eg hadde att.






Kjekt mønster å strikka, herleg garn å strikka i


- det gleid så godt på pinnane.

Sjalet måler 2,60 x 1 m
Måtte henga det opp i plommetreet så eg fekk eit fint bilete. Plommetreet er det offisielle sjalatelieret mitt.

Her er ein detalj av mønsteret: