søndag 23. november 2008
Litt fleire julepresangar kjem til
søndag 16. november 2008
Provisional cast on og korte skjerf

Syns det funka eg. Kanskje eg kan gi det bort i gåve nå? Til nokon som kler lilla? Sat med det ein heil kveld og det klødde ikkje på halsen . Garnet er Hayfield 80% luxury mohair. Mønster Branching out henta frå http://www.knitty.com/
Har eksperimentert med "provisional cast on" på norsk noko slikt som førebels opplegg. Dette for å kunna strikka både opp og ned på eit plagg. Desse pulsvantene Brontës mitts frå www.ravelry.com begynner du på ved knokane. Så strikker du nedover, masse fine holmønster , og feller av. Etterpå piller du bort det raude garnet i opplegget, plukker opp maskane og strikkar blonde over fingrane. Tott skal det også bli, til tommelen då. Sidan desse også er lilla skjønar vel alle at det vert ein presang?
Eg har noko garn eg skal laga genser av til meg sjølv, trur eg har litt akkurat med garn. Eg skal bruka provisional cast on slik at eg kan greia meg med minimumslengde om det skulle vera naudsynt.
Ved provisional cast on kan du anten hekla ei luftmaskerekkje og plukka opp garn til masker gjennom luftmaskene. Eller du kan gjera som meg bruka "vanleg oppleggsmetode" med løkke og erstatta den eine tråden med restegarn i avvikande farge, den tråden som ikkje ligg rundt pinnen , men som dannar kanten, det viser på bildet. Trur eg fann ein video av teknikken på www.knittingdaily.com.
tirsdag 11. november 2008
Julegåva til svigermor
lørdag 8. november 2008
søndag 2. november 2008
Modell med lue
mandag 27. oktober 2008
Jakken til Elin

Jakken hennar er strikka i Garnstudio Alpakka. Spennande, plommeraud farge som passar til mykje. Nedste kant på bolen, på ermane og kragen har eg laga i havskummønster. Er spesielt nøgd med ermane, dei svinger så fornemt ut, tykkjer eg. Mønster på jakken elles er eit enkelt holmønster som går over åtte masker. Det blei rundfelling då ermane kom på, og det er eg nøgd med. Måtte rekna og tenkja ein del då, men eg tykkjer det ser pent ut. fredag 17. oktober 2008
Strikking på Skal vi danse?
Kjempereklame for strikking! Ho påpeikte kor avslappande strikking er, spesielt i stressande situasjonar. Når ein er redd for å bli stemt ut av dansekonkurransar på TV og slikt. Verkeleg god reklame det der.
Eg grublar for tida. grublar på eit skjerf med holmønster som eg har strikka i mohairgarn og som er for kort, det betyr at eg hadde for lite garn i nett den lillafargen.
Skal ta bilde av det skjerfet når eg har blokka og strekt det.
Lurer på om eg skal laga ein slags halsduk av det og hekla ein blomst og setja ein kraftig trykknapp under. Då kunne eg gitt det i gåve til nokon som kler lilla.
Har ei velsigning av lilla mohairgarn for tida, i forskjellige lillafargar då...


