tirsdag 20. januar 2009

Fleire kvileskjer

Ja eg strikkar ermer, to stykker til og med. Dei vert nesten like, men ikkje heilt og det er bare sjarmerande.


















Medan eg tenkjer meg om, strikker eg sjal i mohairgarn og noko effektgarn crushed velvet som eg ikkje aner kvifor eg har kjøpt.
Der er vakker glans i garnet, og fargane er fine for dei som kler lilla.
Oppskrifta heiter scrwrap, og finst på http://www.norskstrikkeforum.net/ på ei side/blog der dei har samla oppskrifter.
Her fann eg linken til sjalet:




tirsdag 13. januar 2009

Skjerfepause




Rosejakken min er eit alvorleg prosjekt. Inn i mellom må ein laga små nyttige ting som ikkje er så alvorlege. Eg har laga lue og skjerf til dotter mi. Lua er i mønsteret An unoriginal hat frå Ravelry. Morsomt mønster å strikka! Eg brukte nesten eitt nøste til lua og to til skjerfet av Rosendahl som er eit mjukt, tjukt ullgarn frå Gjestal. Litt variasjon i tjukkleiken også.




Modellen var nøgd.




Lua strikka eg på ein kveld. Til skjerfet tok eg utgangspunkt i flettemønsteret på lua. som går over 14 maskar. Eg la opp 22 maskar, brukte ein rapport av hovudmønsteret + ein ekstra glattstrikkstolpe + to maskar i kvar side som kant, dei blei strikka vrangt. og laga det i begynnelsen og slutten av skjerfet, ribbemønster i midten, tok utgangspunkt i mønsteret. Tjukke pinnar brukte eg , var det 7 eller 8?
Rosejakken min har litt for smale ermer er eg redd. Skal eg då rekka opp eller strikka dei lenger slik at dei gjerne kan vera litt smale nedst? Garnet er drygare enne eg trudde først så eg kan kanskje ha litt lengde på ermane?
Slike ting grublar ein strikkar på i dei mørke januarkveldane, ogdå er det grett å ha eit skjerf å strikka på, medan ein grublar.

lørdag 3. januar 2009

Det vakraste garnet eg har

har eg begynt å strikka av nåi det nye året. Garnet heiter Laines Plassard Royal - det består av 30% silke/40% ull/30%kid mohair. dette garnet trur eg er gått ut av produksjon. Eg kjøpte det via ein annonse på Finn.
Garnet er melert, det har ein vidunderleg glans, og det er svært mjukt. Eg må strikka striper og har lagt inn eit mønster - roser sjølvsagt slik som på stasvottane mine - for å drøya det.


Håper dette bildet viser litt av glansen i garnet. Måtte bruka blitz sjølv om eg tok bildet ute -
det vert gjenskin i garnet, hadde håpt eg kunne greia meg med naturleg lys.



Eg skal strikka ein liten jakke til meg sjølv. Det vert ALDRI for mange små jakkar.


Eg har bare akkurat nok garn. derfor har eg lagt opp med provisional cast on for å kunna strikka på eventuelle kantar etterpå når eg ser kor mykje garn eg har att. Skal bruka provisional caston på ermane også av same grunn. Trur eg kjem til å bruka alt garnet, har ein del rosa melert også som eg vel ikkje er så glad i, men det vert sikkert brukbart saman. Eg skal ha rundfelling på berestykket. Jakken skal vera litt svingt, litt kroppsnær. Eg har strikka prøvelapp og lagt opp i forhold til det. Prøvelappen blei sjølvsagt feil...Men eg trur det blir bra nå. Legg inn litt aukingar framme på jakken for å få endå litt meir fasong.
oppskrift så langt:
Har lagt opp 124 masker på pinne nr 5 (fire masker skal klyppast når dette vert jakke. strikka 15 cm. aukt 6 m midt på kvart framstykke over tre omgangar på siste omgang la eg til ein maske på kvar side, totalt 138 maskar.
Når eg har strikka litt lenger set eg nokre maskar på tråd i kvar side, og så får eg begynna på ermane.
Hadde eg hatt mykje garn trur eg det hadde vore fint å strikka litt struktur med dette garnet, fletter og sånn:).
Har hatt dette garnet sidan september, men har mest gått rundt i ærefrykt. Håper veldig dette prosjektet vert vellukka.


mandag 29. desember 2008

Kiri sjalet på plommetreet


Tykte sjalet fortente eit litt meir poetisk bilete. Det er eit under at nokoså tynt og lett kan varma så godt rundt halsen.

søndag 28. desember 2008

Kiri sjalet er ferdig!




Nå ligg det på strekk. Eg opplevde alle strikkarars aller verst mareritt då eg felte av, var komen halvvegs og hadde 30 cm tråd att.... Heldigvis kunne eg rekkja opp eit anna sjal eg hadde begynt på, men ikkje likte å strikka i same garn. Vel rekkja opp og rekkja opp - forferdeleg å rekkja opp kid silk, men eg greidde det, skjøtte på tråden og blei ferdig!


Sjalet er strikka i Drops Kid-silk (75 % mohair 25% silke) på pinne nr 5. Eg brukte to nøster. Sjalet måler 181cm x 76 cm. Mønsteret Kiri som eg henta på Ravelry, var greitt og morosamt å strikka etter kvart tykte eg. Likar eigentleg ikkje å strikka med så tynt garn på så tjukke pinnar, så neste gong strikkar eg med tynnare pinnar. Men sjalet vert lekkert då - ei rosa sky. nå går eg rundt på tærne og ventar på at det skal bli tørt.


Inn i mellom strikka eg skjerf til sonen min, foto til høgre. Dette er Keath tweed scarf også frå Ravelry (velsigne Ravelry!!!) , strikka i Drops Alaska. Sonen min valde mønster sjølv. Herleg med litt substans på pinnane inn i mellom alt spindelvevet. Mønsteret var kjekt å strikka, men faktisk litt vanskeleg å koma inn i .

Modellen ville bli hovudklipt denne gongen, så slik blei det.




lørdag 27. desember 2008

Juleduken min








blei kjøpt ein regnfull sommar i Lyngdal. På tilbud 50% avslag, baskerlin som er halvparten lin og halvparten bomull, den vert brodert i raudt brodergarn, stilkesting, plattsaum, millefleur og franske knutar. Dette er mange år og mange regnfulle og solfylte somrar sidan. Fann duken fram att nå og ser at han ikkje vert ferdig i år heller. Nå har eg kjøpt raudt skråband bomull til å kanta med.
Kan bli fint med raude linserviettar til.













Detalj av duken. Glade nissar då?



Nå lurer eg på om eg bør vaska duken før eg kantar? Dersom den krymper, meiner eg, eller krymper skråbandet like mykje?


Nokre erfarne brodøser der ute som har svar?

Elles held eg på med kanten på eit Kiri sjal og håper eg har nok garn til kanten...
Har også strikka eit vakkert skjerf til sonen min.Får ta bilde av det snart.
Tykkjer det er vanskeleg å få plassert bildene slikeg vil her inne på bloggen.

søndag 23. november 2008

Litt fleire julepresangar kjem til


nokre fleire pulsvanter. Sidan eg har slik overflod av lilla mohair, vert det nokre pulsvanter i lilla mohair også.


På det første bildet: til venstre eit fornemt par Brontës mitts. i glatt ullgarn. Østlandsgarn faktisk. Dei i midten er utan tott og skal gjes til ei veninne av meg som har fått leddgikt. Dei til høgre er i forsøksvis flettemønster og er til ei niese på vestlandet.








Brontës mitts har dessutan fått eige bilete fordi eg tykte dei blei så råfine. Mønsteret kjem veldig fint fram i glatt garn. Dei er også julepresang.