mandag 29. desember 2008

Kiri sjalet på plommetreet


Tykte sjalet fortente eit litt meir poetisk bilete. Det er eit under at nokoså tynt og lett kan varma så godt rundt halsen.

søndag 28. desember 2008

Kiri sjalet er ferdig!




Nå ligg det på strekk. Eg opplevde alle strikkarars aller verst mareritt då eg felte av, var komen halvvegs og hadde 30 cm tråd att.... Heldigvis kunne eg rekkja opp eit anna sjal eg hadde begynt på, men ikkje likte å strikka i same garn. Vel rekkja opp og rekkja opp - forferdeleg å rekkja opp kid silk, men eg greidde det, skjøtte på tråden og blei ferdig!


Sjalet er strikka i Drops Kid-silk (75 % mohair 25% silke) på pinne nr 5. Eg brukte to nøster. Sjalet måler 181cm x 76 cm. Mønsteret Kiri som eg henta på Ravelry, var greitt og morosamt å strikka etter kvart tykte eg. Likar eigentleg ikkje å strikka med så tynt garn på så tjukke pinnar, så neste gong strikkar eg med tynnare pinnar. Men sjalet vert lekkert då - ei rosa sky. nå går eg rundt på tærne og ventar på at det skal bli tørt.


Inn i mellom strikka eg skjerf til sonen min, foto til høgre. Dette er Keath tweed scarf også frå Ravelry (velsigne Ravelry!!!) , strikka i Drops Alaska. Sonen min valde mønster sjølv. Herleg med litt substans på pinnane inn i mellom alt spindelvevet. Mønsteret var kjekt å strikka, men faktisk litt vanskeleg å koma inn i .

Modellen ville bli hovudklipt denne gongen, så slik blei det.




lørdag 27. desember 2008

Juleduken min








blei kjøpt ein regnfull sommar i Lyngdal. På tilbud 50% avslag, baskerlin som er halvparten lin og halvparten bomull, den vert brodert i raudt brodergarn, stilkesting, plattsaum, millefleur og franske knutar. Dette er mange år og mange regnfulle og solfylte somrar sidan. Fann duken fram att nå og ser at han ikkje vert ferdig i år heller. Nå har eg kjøpt raudt skråband bomull til å kanta med.
Kan bli fint med raude linserviettar til.













Detalj av duken. Glade nissar då?



Nå lurer eg på om eg bør vaska duken før eg kantar? Dersom den krymper, meiner eg, eller krymper skråbandet like mykje?


Nokre erfarne brodøser der ute som har svar?

Elles held eg på med kanten på eit Kiri sjal og håper eg har nok garn til kanten...
Har også strikka eit vakkert skjerf til sonen min.Får ta bilde av det snart.
Tykkjer det er vanskeleg å få plassert bildene slikeg vil her inne på bloggen.

søndag 23. november 2008

Litt fleire julepresangar kjem til


nokre fleire pulsvanter. Sidan eg har slik overflod av lilla mohair, vert det nokre pulsvanter i lilla mohair også.


På det første bildet: til venstre eit fornemt par Brontës mitts. i glatt ullgarn. Østlandsgarn faktisk. Dei i midten er utan tott og skal gjes til ei veninne av meg som har fått leddgikt. Dei til høgre er i forsøksvis flettemønster og er til ei niese på vestlandet.








Brontës mitts har dessutan fått eige bilete fordi eg tykte dei blei så råfine. Mønsteret kjem veldig fint fram i glatt garn. Dei er også julepresang.

søndag 16. november 2008

Provisional cast on og korte skjerf

Eit skjerf med holstrikk er bare for kort til du finn eit hol som er stort nok. Det gjorde eg.



Syns det funka eg. Kanskje eg kan gi det bort i gåve nå? Til nokon som kler lilla? Sat med det ein heil kveld og det klødde ikkje på halsen . Garnet er Hayfield 80% luxury mohair. Mønster Branching out henta frå http://www.knitty.com/



















Har eksperimentert med "provisional cast on" på norsk noko slikt som førebels opplegg. Dette for å kunna strikka både opp og ned på eit plagg. Desse pulsvantene Brontës mitts frå www.ravelry.com begynner du på ved knokane. Så strikker du nedover, masse fine holmønster , og feller av. Etterpå piller du bort det raude garnet i opplegget, plukker opp maskane og strikkar blonde over fingrane. Tott skal det også bli, til tommelen då. Sidan desse også er lilla skjønar vel alle at det vert ein presang?

Eg har noko garn eg skal laga genser av til meg sjølv, trur eg har litt akkurat med garn. Eg skal bruka provisional cast on slik at eg kan greia meg med minimumslengde om det skulle vera naudsynt.

Ved provisional cast on kan du anten hekla ei luftmaskerekkje og plukka opp garn til masker gjennom luftmaskene. Eller du kan gjera som meg bruka "vanleg oppleggsmetode" med løkke og erstatta den eine tråden med restegarn i avvikande farge, den tråden som ikkje ligg rundt pinnen , men som dannar kanten, det viser på bildet. Trur eg fann ein video av teknikken på www.knittingdaily.com.







tirsdag 11. november 2008

Julegåva til svigermor

er eit vakkert skjerf/sjal i Babyull frå Gjestal 100% merinoull i blå sjatteringar. Svigermor er ikkje på "nett" for å seia det slik, så ho ser garantert ikkje denne bloggen. Mønsteret er "Strangling Vine Lace" Designed by Nicole Hindes of allbuttonedup.wordpress.com. Hugsar ikkje kor eg fann mønsteret, mest truleg på http://www.ravelry.com/.






Her har eg eit nærbilete av mønsteret
Veldig enkelt og kjekt mønster som eg strikka medan eg såg på TV. Mønsteret tålte eit par glas vin også utan å bli kronglete, bare to mønsteromgangar .
Som de ser har eg fått den faste modellentil å posera her også.

lørdag 8. november 2008


Okej då, her er skjerfet Med litt godvilje, og godvilje har vi, kan det strekkast til å bli 93 cm.
Kva gjer vi med dette då? Mønsteret er Branching out, kjekt og greit å strikka. garnet er vel ikkje så kjekt og greitt eigentleg. For kort då... Lurte på å hekla (kan eg hekla???) ei slags blomst og festa framme på skjerfet. Forslag til gjennomførbare ting eg kan gjera?