tirsdag 10. mars 2009

Rosejakken og litt til

Rosejakken begynn å ta form. Eg noterer etterkvart og skal vel prøva å laga meg ei slags oppskrift. ermane er nå komne på bolen og eg har begynt med rundfellinga. Ikkje heilt lett å få rosemønsteret til å stemma her, men så er eg ein person som trivst med det litt uregelmessige, halvskeive.
Prøvde jakken, og eg trur den kjem til å passa fint!
Då ermane var 42 cm lange og hadde eit masketal på eit par og femti sette eg seks masker under kvart erme på ein tråd, sette seks maskar i kvar side av bolen på tråd, og strikka ein omgang slik : Strikk halve forstykket. Ta saman siste maske på forstykkket med første maske på ermet, strikk erememaskane, ta saman siste maske på ermet med første på førstykket. Strikk bakstykket. Ta saman siste maske på bakstykket med første på ermet. Strikk ermet, ta saman siste maske på ermet med første på forstykket strikk fram til midt framme.

Eg var i Göteborg i februar og oppdaga mange koseleg garnbutikkar. Dette eintrådige ullgarnet i varme sjatteringar frå Ullcentrum på Öland, fann eg i butikken Garn og broderi i ei av gågatene i Göteborg sentrum. Koseleg liten butikk med mykje fint garn.



Mønsteret eg bruker heiter Woodland shawl
Oppskrifta er gratis og finst på lenka ovanfor. Såg for meg ein haustskog med lauv i varme fargar då eg såg garnet. Trur det vert fint. Mønsteret er lett å koma inn i. Eg skal tilbringa helga i ein idrettshall med to tenåringsbarn, så eg må ha eit strikketøy som ikkje er for vanskeleg og ikkje blir for keisamt heller.

5 kommentarer:

Guro sa...

fant plutselig bloggen din (hos pinneguri), morsomt å hilse på andre bloggre. Æ har også strevd veldig m layout, no har æ plutselig forandra den til enkel blå.....
likte godt rosejaka di :0)

hudamå sa...

Det var verkeleg fint med enkel blå! Trur eg er for ordrik til å ha blå bakgrunn, MÅ ha med så mykje tekst.
Nydelege bilete du har.

Reidun sa...

Så fin jakka di blir!!!!! Her går det fremover med ugla:)

gletting sa...

Jeg kikka inn på sjaloppskriften. Det lekre garnet du har og den oppskriften vil bli kjempenydelig sammen. Jeg gleder meg til å se!

Hilsen Grete

hudamå sa...

Oppskrifta er veldig grei å strikka, og fargeskiftene gjer prosessen spennande. Det kjennest litt "hardt" ut, så eg trur eg skal vera nøye med å vaska det før eg eventuelt spenner det opp/dampar det.