søndag 29. mars 2009

Rosejakka har fått kappe


Har fått kappe nede på rosejakka. Tok opp det midlertidige opplegget, strikka nokre omgangar to rett to vrang med mindre pinnar (3,5). Bytte til pinne fem, la ut ei maske midt mellom to rette (aukte kvar tredje maske) strikka glattstrikk 7 cm. Avslutta med tre omgangar to rett to vrang.
Det skumle, skumle blir nå å sy to saumar med maskin framme på jakka for så å klippa opp. Og då bør det vera fint.

Har tenkt å laga kappar på ermane også. Og så må eg spekulera litt omkrig knappestolpar og den slags.

søndag 22. mars 2009

Rosejakken i fleire stadier og litt skogsjal

Rosejakken kan prøvast, og det blir han. Rundfelling på måfå er slett ikkje så lett. Skal eg slutta her? (Det var det eg endte opp med)
Eller slutta her? Denne versjonen blei for lang frå ermet blei strikka på og oppover til halsen, og alt for vid. Måtte rekkja opp øvste roserekkja, og strikka ein liten kant her med tynnare pinne. Garnet har ein viss tyngde også, og det må takast omsyn til. Nedst på jakken har eg skifta til tynnare pinnar igjen, og strikka nokre omgangar vrangbord før eg har gått tilbake til pinne nr 5. Eg skal auka nokre maskar og ha ein slags volang nedst på jakken, slik at eg understreker den litt feminine fasongen.


Woodland sjal/skjerfet mitt er 115 cm nå og eg har 35 g garn att. Verkeleg gildt å strikka med slike fargeskift. Eg går inn i ein grøn fase nå, og endå lenger inne vert det meir gult att. Framleis eit kjekt og sutalaust mønster.

tirsdag 10. mars 2009

Rosejakken og litt til

Rosejakken begynn å ta form. Eg noterer etterkvart og skal vel prøva å laga meg ei slags oppskrift. ermane er nå komne på bolen og eg har begynt med rundfellinga. Ikkje heilt lett å få rosemønsteret til å stemma her, men så er eg ein person som trivst med det litt uregelmessige, halvskeive.
Prøvde jakken, og eg trur den kjem til å passa fint!
Då ermane var 42 cm lange og hadde eit masketal på eit par og femti sette eg seks masker under kvart erme på ein tråd, sette seks maskar i kvar side av bolen på tråd, og strikka ein omgang slik : Strikk halve forstykket. Ta saman siste maske på forstykkket med første maske på ermet, strikk erememaskane, ta saman siste maske på ermet med første på førstykket. Strikk bakstykket. Ta saman siste maske på bakstykket med første på ermet. Strikk ermet, ta saman siste maske på ermet med første på forstykket strikk fram til midt framme.

Eg var i Göteborg i februar og oppdaga mange koseleg garnbutikkar. Dette eintrådige ullgarnet i varme sjatteringar frå Ullcentrum på Öland, fann eg i butikken Garn og broderi i ei av gågatene i Göteborg sentrum. Koseleg liten butikk med mykje fint garn.



Mønsteret eg bruker heiter Woodland shawl
Oppskrifta er gratis og finst på lenka ovanfor. Såg for meg ein haustskog med lauv i varme fargar då eg såg garnet. Trur det vert fint. Mønsteret er lett å koma inn i. Eg skal tilbringa helga i ein idrettshall med to tenåringsbarn, så eg må ha eit strikketøy som ikkje er for vanskeleg og ikkje blir for keisamt heller.

søndag 1. mars 2009

Min blå blå svalehale

Svalehalesjalet i plommetreet mitt










Ferdig med svalehale sjalet mitt. Evelyn Clarks Swallowtail som de finn gratisoppskrift på her.


Eg laga ein større versjon med nitten repetisjonar av botnmotivet og dobbel kant. Sjalet er strikka i baby-merino ull frå Gjestal i melert blåfarge. Brukte fire nøster + litt som var til overs frå før , måtte kutta ut vrangomgangen på slutten for å koma i mål . Biletet syner kor lite garn eg hadde att.






Kjekt mønster å strikka, herleg garn å strikka i


- det gleid så godt på pinnane.

Sjalet måler 2,60 x 1 m
Måtte henga det opp i plommetreet så eg fekk eit fint bilete. Plommetreet er det offisielle sjalatelieret mitt.

Her er ein detalj av mønsteret:






Minne frå åttitalet






Nokre som hugsar den børsta ulla? Litt stikkete, kløete, ugrei å strikka med og umogleg å rekkja opp?



Eg har ein overvintra pose med Shoddy frå åttitalet. Fin farge og eg hadde bruk for lue, skjerf hadde eg frå før.



Lua er moderert/tilpassa utgåve av den på omslaget av VK Vogue knitting Holiday issue som kom før jul, Bobbled tam.
Morosamt mønster å strikka. Lua blei for svær og måtte rekkjast opp ein rapport, og då hugsa eg korleis det var...
Har meir børsta ull, nokon som har tankar om kva eg skal gjera med den? Usikker på om børsta ull tovar, det er tjue prosent nylon i den.
Vogue knitting er elles blitt Designer knitting i Europa. Oppskriftene inni bladet er like, men det noko med layout, papirkvalitet og format som eg tykkjer ikkje er like fint som VK Vogue knitting var.

onsdag 11. februar 2009

Heidersteikn

Har fått to heidersteikn av Reidun.



Veldig snilt og eg føler meg ganske audmjuk og litt blyg.


Bloggen min er ganske ny, eg oppdaterer ikkje så veldig ofte og eg synest ikkje eg får sving på layouten. Plassering av bilete tykkjer eg er ikkje så lett.


Alle dei eg følgjer har mykje finare bloggar enn meg, så eg må skunda meg å gje dei vidare til to av dei. Pinneguri er superaktiv og hjelpsam, det same er Grete som også er vener med meg på www.ravelry.com. De fortener desse prisane mykje meir enn meg, men det var kjekt å få dei likevel Reidun, tusen takk.

mandag 2. februar 2009

Vantast vottar i vondkalde vinter

- frys du på fingrane fagre ( fritt etter Håvamål)

Dei sa vel ikkje så mykje om vottar i Håvamål, men det var nok kalde vintrar då også.
Eg har strikka kattevottar til yndlingsmodellen min, og det kan vel tenkjast at eg låner dei inn i mellom.
Fekk nesten ikkje tatt bilete under prosessen, desse var så kjekke å strikka at det gjekk som ein draum. Mønsteret kan kjøpast her http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html

Eg brukte svart Lanett (retting - det er svart Daletta eg har brukt - trur Lanett er litt tynnare) og kvit Sisu fordi det var nå det eg hadde i korga mi. Eg strikker ikkje veldig jamnt ser eg, men vaskar eg og dampar dei blir det vel bra.
Ser de potane på innsida av vottane? Og fiskebeina på tommelen? Slike humoristiske og sjarmerande detaljar finn de fleire av i mønstera på nettsida hennar.